Oppdatert/endra
27.01.2010



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

31. januar 2010: Såmannssundagen
Preiketekst: Mark 4, 26-32
Andaktsarkivet

Såkornet og sennepsfrøet
Av Magne Fitjar

Sjølv i ein periode med streng kulde og snø er det nokre som er i full gang med å så. Kyndige kvinnehender plantar alle slags frø i oppskorne mjølkekartongar, heile skuleklassar og barnehagegrupper er i ferd med å gjera det same.

Dei set dei nysådde frøa på lune plassar: Nokre skal stå mørkt enno ei god stund, andre skal ha i rikt monn av det sparsame januarlyset. Det blir sådd i påvente av tider som kjem, det går raskt mot vårjamdøger og frøa vil visa si veldige sprengkraft i jorda.

Dei små likningane om såkornet og sennepsfrøet er mellom dei mest kostelege perlene vi har fått overlevert av Jesusord. Enkle, men paradoksale, lettfattelege for alle og einkvar, men uendeleg vanskelege å fatta rekkevidda av.

For det er sprengkraft i såkornet og i sennepsfrøet. Kva skal vi samanlikna Guds rike med? er spørsmålet Jesus stiller. Det er ikkje det mektige romerske imperiet som er målestokken, heller ikkje det britiske imperiet, eller Nato, med Vesten på oppdrag i Afghanistan.

Nei, det er frøet, såkornet, kanskje på avvegar mellom ruinar, kanskje sådd på ubetydeleg vis, ein eller annan stad.

Kanskje ligg alt såkornet og spirer mellom ruinane i Port-au-Prince.

 
 

Tilbake til arkivet

Hit Counter