I disse valkamp-tider så kan det vere lett å setje
fokus på det ein er misnøgd med. Og sjølvsagt er det forhold som kan bli
betre og treng merksemd. Men det er også viktig å rette blikket mot alt som
er godt, alt som vi har å vere takksame for, alt som gjer livet rikt.
Tekstane denne søndagen set fokus på takk. Takk til Gud for alle hans gode
gåver, takk til Gud for alle hans velgjerningar mot oss. På same måten som
det er godt å få komme til Gud med det som er vanskeleg, så er det flott å
ha ein å rette vår takk og lovsang mot. Eg trur at mange av oss ville få ei
lang liste om vi sette oss ned og tenkte over: Kva har eg å vere takksam
for? Denne lista ville vere forskjellig frå den eine til den andre. Men noko
har vi felles alle som lever i trua på Jesus, rikdomen i å få vere Guds barn
og arvingar til det evige livet. Å få eige dette håpet over livet er den
største av alle Guds gode gåver. Den er gratis og vi får ta imot den med
takk.