Påskedag er for meg full av lys og glede. I teksten
frå Matteus møter me dei sorgfulle kvinnene på veg til grava. Dei vert møtt
av jordskjelv og ein engel som fortel at Jesus ikkje lenger er i grava.
Sjølvsagt vart dei redde. Men engelen kom med den flotte helsinga som også
er ei påskehelsing til deg og meg: Ver ikkje redde! Jesus er ikkje her – han
er oppstanden! Skunda dykk og fortel det til læresveinane.
Det står at kvinnene skunda seg – redde, men jublande glade.
Denne påskedagen kjem same helsinga til deg og meg. Jesus er ikkje død – han
lever i dag og! Og han vil at me skal skunda oss å fortelja det til alle som
vil høyra. Døden kunne ikkje halda på Jesus. Han sona vår synd på krossen –
Han døydde og vart lagt i grava. Men Han stod opp og lever i dag. Han har
sigra over alt det vonde.
”Takk for all din fødsels glede,
Takk for alt ditt guddomsord,
Takk for dåpens hellig væte,
Takk for nåden på ditt bord!
Takk for dødens bitre ve,
Takk for din oppstandelse,
Takk for himlen du har vunne,
Der skal jeg deg se og finne.
(Kingo)