Eit møte med Jesus som forandra livet. Ja, slik var det for den blindfødde.
Vi som alltid har sett kan berre ane for ei oppleving det var for han å få
sjå. Livet vart nytt for han. Det gjekk frå mørke til lys. Eit liv med nye
muligheter. Han hadde møtt han som er lyset for verda og sjølv fått høve til
å sjå lyset.
Jesus møtte han igjen seinare og utfordra han til tru. Og han som no hadde
fått synet svara med å vedkjenne trua på Jesus og å kaste seg ned for han.
Slik fekk han ikkje berre del i lyset i den forstand at han kunne sjå med
augo sine. Men han fekk også del i lyset som strålar frå Jesus og gjev håp
over livet utover livet her og no.
Det er mange som har møtt Jesus slik vi kan møte han i ordet i Bibelen og
fått augo opna og sett at Jesus er lyset for verda. Han gjev håp over livet,
håp over kvardagen og håpet som varer også når livet her må gje tapt.
Eit møte med Jesus kan forandre livet. Du kan møte han i Bibelen og der
ordet om Jesus vert forkynt.
God helg, og velkomen til gudsteneste! Jan Ove Totland