Oppdatert/endra
09.09.2008



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

14. september 2008: 18. sundag etter påske
Preiketekst:
Joh 8, 31-36 
 
Andaktsarkivet
Jesus er sanninga

I denne teksten møter Jesus nokre av jødane som kom til tru på han. Jesus fortel at dersom dei trur på ordet hans skal dei få kjenna sanninga og verta fri. Dei protesterar villt – me er jo Abrahams ætt – me trælar ikkje for andre. Jesu svar forundrar nok – han seier at alle som syndar er trælar under synda, men han kan gjera dei frie. Han sa sjølv at han er sanninga. Å kjenna sanninga er å kjenna Jesus!

Me er nok ganske like desse jødane. Me som lever i 2008 vil vera frie menneske, men er me det?
Kva styrer liva våre eigentleg – driftene våre – reklamen? Har me eigentleg nokon fri vilje?

Jesus set fingen på eit ømt punkt: ”Den som syndar er træl”. Synd er eit ord me ikkje brukar så mykje lenger. Men om ordet er nesten borte så er synda der likevel. Me treng å bli fri. Kanskje ser me det ikkje sjølv heller. Gud veit likevel korleis me er. Han ynskjer å gjera oss frie, og han har gjort alt for at det skal skje. Han let Jesus ta vår straff for at me skulle verta fri. Jesus vil vera vår Frelsar og han opna vegen til Gud då han døydde og sto opp att. Me kan bli fri når me tek i mot oppmodinga i teksten: ”Får Sonen gjort dykk frie – då vert de retteleg fri”.

Jesus kan! Vil du?

God helg
Toril Tjelle Sortland

Tilbake til arkivet

Hit Counter