Denne teksten er henta frå Jesu avskjedstid saman med læresveinane før han
skulle lida og døy.
Her er Jesus oppteken med dei som høyrer han til, og skal vera hans sendebod.
Han seier i v9: «Eg bed for dei. Eg bed ikkje for verda, men for dei som har
gjeve meg, for dei er dine.»
Det er skilnad på å vera i verda, men ikkje av verda. Ein kristen må også
leva her på jorda i samfunnet,
i arbeidslivet, saman med familie og vener og dela både medgang og motgang.
Der har han sitt oppdrag.
Han skal vera ljos og salt i verda. Den som er av denne verda, vender seg
bort frå Gud og hans velsigning.
Dei andelege verdiane som skapar glede i herren er borte. Det vert eit indre
tomrom som lett vil verta fylt med slike ting som verda set på som rett og
rimeleg. Heile tankemønsteret og handlemåten i livet vert prega av dette.
Kampen for eige velvære og livsnyting kjem først. Makt og råderett vil gripa
om seg og ein vert infiltrert i det
materealistiske garnet.
I Fader Vår har Jesus lært oss å be: Før oss ikkje ut i freisting, men frels
oss frå det vonde. Dette er bøner som ein kristen må trena på be, ikkje
minst i dag, kor ein ofte vert konfrontert med freistingar og angrep av
mange
slag. Får Jesus styra roret, vil ein alltid vera på rett kurs. I forbøna som
Jesus bed for sine, viser han ei veldig omsorg, fylt av kjærleik til alle
som er komne til å tru på han. Han veit at dei må leva i ei farefull verd,
og det
inderleg til den Heilage Far at han må halda dei fast i sitt namn og vara
dei frå det vonde. Den som legg livet sitt i Jesu hender, er på den trygge
sida.