"Vingardssøndagen", eit litt framandt ord i vår del av verda. Vin er noko
som finnes på flasker,
før det kjem dit har me kansje ikkje så mykje forhold til det.
Det er klart av tekstane for denne dagen at det er fyrst arbeid som skal
til, før ein kan hausta fruktene som
vinen er eit bilete på. Me likar kansje best tanken på å vinna i eit
lotteri, få gevinsten med ein gong.
Men plikt, arbeid og teneste er ein del av det å vera menneske. Det er
viktig for oss at vi kan få bety
noko for nokon.
Jan Magnus Bruheim seier i eit av sine dikt:
«Skapte er vi te bera,
og lette børene for kvarandre,
til fånyttes lever ingen -
Men våre eigne børar skal vi bera aleine.»
Og i siste verset:
«Hjelpelaus er den som ikkje har nokon å hjelpe, og
vera god mot.
Lik tre utan sevjestraum turkast han inn -
den mannen ber tyngste børi som ingenting har å bera.»
(Jan Magnus Bruheim.)
Oppgåvene er ulike, nett slik som vi menneske er det. Tove Houck peiker
på ei viktig oppgåve som ikkje synes, men som er særs viktig:
«Jeg skulle ønske at der finnes noen
som hver dag vil be for den
som ingen andre har til å be for seg
slik at ingen må leve livet
uten forbønnens armer omkring seg.»