”Alle melkekartonger drømmer om et liv etter døden!” stod det ein periode på
Tine sine melkekartongar. Slagordet var eit ledd i ein reklame for
Returkartong. Målet var å få fleire til å levere kartongar i retur, slik at
dei kunne resirkulerast og verta til nye produkt.
Går du rundt med eit ynskje om å bli ”resirkulert”? Har du ein draum om eit
liv etter døden? Me kan ha så mange ulike tankar om kva dette innebér. I
dagens tekst møter me ein mann som ville sette Jesus på prøve: ”Meister,
kva skal eg gjera så eg kan få evig liv?” Han visste kva svar
Moselova gav på dette: ”Du skal elska Herren din Gud
av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt
vit, og elska nesten din som deg sjølv.” Nå var mannen spent på om
Jesus kom til å seia noko anna enn det som stod i Skrifta. Men Jesus sa: ”Du
svara rett. Gjer det, så skal du leva.”
Deretter fortalde Jesus likninga om den miskunnsame samaritanen. Presten og
levitten såg berre på den forkomne mannen, og så gjekk dei vidare. Til slutt
kom ein samaritan gåande. Han tok seg av mannen, og stelte med han. Jesus
avslutta forteljinga med spørsmålet: ”Kven av desse
tre tykkjer du bar seg åt som ein neste mot han som fall i hendene på
røvarane?” Svaret gav seg sjølv: ”Den som synte
miskunn mot han.”
Moselova hadde ei oppskrift, ein veg å gå, for å oppnå evig liv; ”Du
skal elska Herren din Gud...osv.” Farisearane og dei skriftlærde på
Jesu tid var svært opptekne med alle desse bud og reglar som me finn i det
gamle testamentet i Bibelen vår. Dei prøvde å gjera seg rettferdige for Gud
ved gode gjerningar. Men kva er det du og eg opplever? Jo, me oppdagar at me
kjem til kort, gong på gong. Me klarar ikkje å gjera oss rettferdige sjølv!
Jesus tala fleire gonger om at det ikkje var ved gjerningar ein kunne gjera
seg fortjent til eit evig liv. ”Tru på meg - så skal
de leva!” var Jesus sitt budskap.
Men så fortel Bibelen vidare at trua ikkje berre må vera ein død teori. Trua
på Jesus skulle få oss til å tenke stort om dei me har rundt oss. Me skal få
lyfte kvarandre opp.
Til slutt ein liten tanke til deg som kanskje ikkje er så glad i deg sjølv:
Skal du kunna elska nesten din, så må du og vera i stand til å elska deg
sjølv.