Ei tilforlateleg forteljing om ein rikmann som skal be inn til gjestebod har
kraft nok i seg til å snu opp ned på vande førestillingar. For grepet mannen
tek om gjestelista når dei utvalde dreg seg unna, gjer at vi ikkje heilt
anar utfallet av festen.
Forteljinga om Det store gjestebodet står òg i Matteus; der er det
kongssonen som skal giftast bort. Men temaet er det same: Gjester som ikkje
vil koma. Mange er reddare for gjester som ikkje vil gå, og det er gjester
av dette slaget mannen i forteljinga får tenaren til å nøyda inn.
Frelsesarmeen har funne inspirasjon i denne forteljinga og held fram i denne
ånda den dag i dag.
Det er gjestene ingen velsedde borgarar vil ha som får møte- og talerett i
det himmelske riket. Evangelisten Lukas fortel likeframt om mannen som
utfordra dei rådande normene for kven ein bed i gjestebod, kanskje utan å
ana kor mykje inspirasjon til opprør som ligg i det han fortel. Hos Matteus
er brodden endå kvassare, der er konflikt og fiendskap blanda inn i
forteljinga om Guds rike.
For det er ikkje sundagsskuleforteljingar evangelistane fer med.