Oppdatert/endra
08.05.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

13. mai: 5. søndag etter påske
Preiketekst:
Joh 16, 23b-28
 
Andaktsarkivet
Be - så skal de få

Be, så skal de få, så gleda dykkar kan vera fullkomen

Det er litt av ei oppmoding me får frå Jesus i denne teksten. Alle tekstane på 5. søndag etter påske
handlar om bøn.

Det var ikkje noko nytt Jesus lærte læresveinane då han sa at dei skulle be. Det hadde dei alltid gjort. I det gamle testamentet finn me Salmane. Det var Jesus og læresveinane si bønebok. Det nye var at læresveinane lærte å be i Jesu navn.

Mange menneske ber. Når vonde ting hender – sjukdom og død – krig og urettferd, då vil det stiga opp bøn til Gud. Også når me opplever glede er det godt å gå til Gud med takk og lovsang.

Jesus har knytta store lovnader til bøn. Han sa jo: ”Be så skal de få.” Men han har også lært oss ei anna bøn: ”Lat viljen din råda:”

Det nyttar å be! Men me får ikkje alltid det svaret me ynskjer. Av og til ventar Gud lenge før han svarar.
Og då kan me stilla spørsmål og koma i tvil. Men om me ikkje forstår Guds vegar kan me halda fast ved at
han har oversikt og veit best. Gud er ingen automat som gir oss alt me ynskjer berre me seier dei ”rette orda” på ”rette” måten. Nei, han er Gud vår Far som veit kva me treng til før me bed Han.

Difor kan me koma fram for Gud i Jesu namn med alle ting. Han har lova å svara i si tid og på sin måte.
Då kan me vera trygge, og svaret det vert til Guds ære.



God helg.

Toril Sortland

Tilbake til arkivet

Hit Counter