Oppdatert/endra
27.03.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

1. april: Palmesøndag
Preiketekst:
Joh 12, 1-13
 
Andaktsarkivet
Hosianna

Kvar gong det er nattverd i kyrkja, lyder hosianna-songen. Med den ønskte glade menneske Jesus velkomen til Jerusalem den første palmesøndag. Den gongen kom han ridande på eit esel. I dag, i nattverden, kjem han i brød og vin. Såleis blir hendingane i påskeveka for lenge sidan gjort levande og nærverande. Framleis blir vår himmelske Herre ønskt velkomen med hosianna.

Sidan ventar til livet utanfor kyrkjeveggene. Der skal livet vera ein gjenklang av hosianna-songen frå kyrkja.
To søstre, Marta og Maria, syner oss i teksten korleis dette kan gjerast.

Først Marta som steller i stand gjestebod for Jesus og følgjet hans. Vi kan ikkje møta Herren vår slik ho gjorde. Vi møter han i dei menneska som har bruk for oss: Dei som treng eit ord til trøyst og oppmuntring. Dei som har bruk for ei hjelpande hand. Osv.

Så Maria som har kjøpt ei krukke med velluktande og frykteleg dyr salve. Alt i hop renner ho ut over Jesu føter. Det er lett å halda med gledesdreparen Judas: Kunne ikkje desse salvepengane ha vore brukt til noko ”nyttigare”? Men Jesus tek Maria i forsvar. I og utanfor kyrkja ville vi få eit fattig liv utan ”unyttige” ting som song, musikk og bildande kunst, ja til og med parfyme.

Herre Jesus Kristus, la meg i denne alvorstunge påskeveka også få kjenna gleda og oppgåvene i hosianna-songen frå palmesøndag. Amen.


Halvor Medhus

Tilbake til arkivet

Hit Counter