Den
sjuke ved Betesda
Forteljinga om den sjuke ved
Betesda-dammen er ei av dei sju underforteljingane i Johannesevangeliet.
Undera er klare teikn på kven Jesus er: Han gjer vatn til vin, lækjer son
til den kongelege embetsmannen
i Kapernaum, mettar fem tusen, går på vatnet, lækjer ein blindfødd, vekkjer
opp Lasarus.
Dei to første teikna gjorde Jesus i Galilea. Dette tredje teiknet gjer han
ved Saueporten i Jerusalem.
Eit nyare tillegg i teksten fortel at ein engel var nedom og rørde i vatnet,
og det var dei som kom nedi etterpå som vart lækte. Den sjuke ved Betesda
hadde vore der i 38 år, men kom aldri nedi, då ingen var der for å bera han.
Johannes fortel at det ikkje var dammen eller engelen som lækte, slik
skikken var på denne staden,
men Jesu ord åleine.
Betesda lever vidare i dag, som namn på institusjonar der menneske med
alvorlege plager søkjer lækjedom.
I Nord-Troms vart Betesda Sykestue innreidd i ei tysk lasarettbrakke i 1945,
og var i drift til ho brann ned i 1969. Namnet Betesda dukkar opp på alle
kantar av verda: I Querétaro, ein provins i Mexico, er det eit lite hotell.
For eit halvår sidan møtte eg ein lege frå denne provinsen:
– Eg er einaste kreftspesialist for ei befolkning på 5 millionar menneske,
fortalde han.
Han har eit ansvar like stort som det til Jomfrua av Guadalupe.
Magne Fitjar
|