Oppdatert/endra
20.11.2006



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

5. mars: 1. sundag i faste
Preiketekst: Matt 16, 21-23
Andaktsarkivet


”Dette må aldri henda deg”

Sitatet ovafor er henta frå preiketeksten på søndag. Orda er Peter sine, sagt til Jesus.

Tidlegare i dette kapitlet har Peter nettopp erklært for Jesus at han trur at Jesus er Guds Son. Eg vil tru det var litt av ei erklæring frå jøden Peter. Jesus som gjekk der midt imellom dei. Som åt med dei kvar dag, vandra rundt og prata med folk dei møtte. Var trøytt og måtte sova som eit alminneleg menneske.

Sitatet ovafor frå Peter kjem som eit svar på at Jesus har fortalt at han snart skal gå til Jerusalem, og at Jesus etterkvart skal lida og døy. Eg kan sjå Peter for meg. Han er ein handlingens mann. Her må dei aksjonera og syta for at Jesus ikkje kjem i hendene på desse som vil drepa han. Så er det at Jesus verkeleg kjem med ein kraftsalve attende: ”Vik bak meg Satan ! Du vil føra meg til fall. Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneske vil:” Eg vil tru lufta dirra mellom desse to. Me får ikkje høyra meir konkret kva som skjer vidare i dette ordskiftet. Hadde eg vore Peter trur eg at eg hadde fått mykje å tenkja på. Eg trur eg hadde blitt både såra og sint og ikkje forstått nokon ting. Kvifor denne kraftsalven frå Jesus? Kva trur du ?


Liv Slettemark

 

Tilbake til arkivet

Hit Counter