Oppdatert/endra
20.11.2006



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

29. januar: 3. sundag etter Kristi Openberringsdag
Preiketekst:
Joh. 4, 27-42
Andaktsarkivet

Ikkje pga. bodberaren

Andpusten og forkava hadde den samaritanske kvinna kome springande inn i heimbyen sin. Ho hadde møtt slik ein merkeleg mann ho måtte fortelja medborgane om. Kanskje var han Messias, den store hjelparen som ein gong skulle koma frå Gud?

Dette måtte folket i byen vita meir om. Dei kom strøymande ut til vasskjelda der denne merkelege mannen var å finna. Mannen var sjølvsagt Jesus. Møtet med han ga meirsmak og enda med at dei bad han om å bli hos dei ei stund, så dei fekk høyra meir av det han hadde på hjarta. Etter eit par dagar vandra Jesus og læresveinane vidare og vart borte blant kornåkrar og vinmarker. Då sa byborgarane til henne, som hadde vore bodberar,  at ho hadde rett. Denne mannen måtte verkeleg vera han dei venta på. Men dei la til at det meinte dei ikkje pga. henne, for no hadde dei høyrt han sjølv.

Johannes kunne gjerne ha gitt seg tid til eit referat om kva Jesus tala om desse dagane i Samaria. Men vi anar at det same skjedde med tilhøyrarane som med bodberaren. Medan Jesus tala, opplevde dei det han kalla for ”levande vatn”. Så dei såg livet sitt korleis det var, korleis det burde ha vore – og korleis det kunne bli ved å lytta til hans ord. Dei fire evangelia er fulle av det.

Herre Jesus Krisus, stig du ut av orda eg høyrer og les om deg. 
Så eg og opplever deg og dine nyskapande krefter i mitt vesle liv.  Amen.
 


Halvor Medhus

Tilbake til arkivet

Hit Counter