|
Ikkje åleine!
Igjen tala Jesus til folket og sa: ”Eg
er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret,
men ha livsens lys.” Joh 8. 12.
Livsens lys! Spanande uttrykk. Lys over vegen, livet, kvardagen. No er
me inne i den mørkaste delen av året. Kort dag, lang natt. Me kjenner
mørkret, difor set me også stor pris på lyset. Som tredje klassing gjekk
eg åleine til skulen. 3 km uten gatelys og med svært få hus langs vegen.
Morgonar med regn og ruskevær kunne vera svært mørke og utrivelege for
ein liten skulegut. Eg måtte runda ein liten sving før eg fekk sjå lysa
i Skånevik. Vegen vart ikkje mindre mørk av desse lysa, men dei gav meg
retning og eg visste at eg var på rett veg. Det vart mykje lettare å gå.
Dei to fyrste skuleåra hadde eg fylgje av eldre sysken til skulen. Då
var det ikkje noko uhygge ved skulevegen om det var mørkt, for då hadde
eg fylgje med nokon som eg kunne stola på.
Jesus er kome til oss, som eit lys, for å gje oss retning på livet. Og
som ein medvandrar me kan stole på når det vert mørkt og vanskeleg.
Mørket kjem, og vi må inn i det. Slik er menneskelivet. Ofte er mørkret
sjølv-valgt. Men vi er ikkje åleine i mørkret, fortvilinga eller ulykka.
Han går med oss, han som kan venda forbannelsen til velsignelse. Som kan
venda det håplause til håp og glede. Det som gjer mennesket ulykkeleg er
ikkje alltid ulykka, men at han manglar lyset frå det evige. Ha eit godt
nytt år med Jesu lys over vegen og livet.
Per
Ølfarnes
|