Oppdatert/endra
20.11.2006



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

25. desember 2005: 1. juledag
Preiketekst:
Joh 1, 1-14
 
Andaktsarkivet


Ordet vart menneske

Gullkorn frå sandkassa:

To smågutar hadde skaffa seg ei trillebår full av plankar og var i gong med å byggja seg eit stort tårn.
Grunnflata var lita, men etasjane vaks fort.

-  Sjå! dette blir så stort at det snart når opp til himmelen, seier den eine.
-
  Så flott! Då kan me koma opp til Gud, seier den andre.

Arbeidet held fram. Huset blir høgare og høgare. Men det minkar på plankar og byggverket ber preg av manglande røynsle innan byggfaget. Huset er skeivt og skakt. Før eller seinare vil det tippa overende.
Helst før, ser det ut til…

Men det er to kloke gutar som byggjer hus. Sjølverkjenninga veks med huset.

- Du, seier den eine og stopper opp. Ser på byggverket og klør seg i hovudet. Det ser ikkje ut til at vi
klarer å byggja så stort at me når opp til himmelen. Det er visst betre at Gud kjem her ned til oss.

Det stod ikkje på innsatsen. Ikkje på viljen heller. Men oppgåva blei for stor. 
Det hadde Gud også erkjent, ei æve før gutane: Derfor : ..Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss….

 
Marit Elisebet Totland
 

Tilbake til arkivet

Hit Counter