|
Fest og dårlege unnskyldningar
Har du nokongong bydd inn
til fest, og så opplevd at ingen av dei som var invitert ville koma? Snakk
om nedtur det ville vera for verten. For om ein blir invitert så går ein
jo, sjølv om ein kanskje kunne føretrekka sofaen den kvelden. Det er jo
noko som heiter takt og tone.
Slik var det ikkje her.
Bibelen fortel om ein storslått fest gjestene blir bedne
inn til, men når dagen kjem, vert tenaren møtt med mange slags
unnskyldningar. Det passa så dårleg, - for alle.
Verten vart naturlegvis
irritert og bed inn andre, alle dei som vanlegvis ikkje får slike
innbydingar. Til slutt vert huset fullt og festen tek til.
Dette er ei likning om Guds
rike. Jesus fortel denne likninga som ein kommentar til ein som seier at den
er sæl, lukkeleg, den som får sitje til bords i Guds rike. Visst er det den
høgste form for lukke å bli med i Guds rike. Men den litt vemodige
konklusjonen er at dei som fyrst fekk innbydinga får ikkje vera med. ”Den
som ikkje vil han skal…” seier vi. Slik er det ikkje med Gud, han tvingar
ingen. Vi står fritt til å avvise invitasjonen frå Gud.
Så gjeld det å forstå
evangeliet rett. Det er ikkje eit søtt tilbod som Guds tenarar må gjera så
lettfordøyelig som mogeleg. Evangeliet er ei livbøye. Det har i seg ordet om
tilgjeving, forsoning, og evighet. Så får det vera avgjerande, og ikkje om
Guds tenarar og kyrkja sine prestar klarar å dandera innpakningspapiret
tilstrekkeleg appetittvekkande for oss forbruksvante notidsmenneske.
Invitasjonen står enno ved lag; Kom, bli med på festen! |