Oppdatert/endra
20.11.2006



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

5. desember 2004: 2. sundag i advent
Preiketekst:
Op 1, 4-8
Andaktsarkivet


Advent - Komme

Adventus Domini tyder Herrens komme. Og på denne andre søndagen i advent vert blikket retta framover mot at han som skulle komme og som kom, han skal også eingong komme igjen. Då gjeld det å vere budd til å møte han, så det kan bli eit møte i glede og ikkje til sorg.

For alle som han fått motteke tilgjeving for syndene sine på grunn av Jesu død på krossen, så skal dette bli ein gledes- og jubeldag. Tenk å få vere med i Jesus sitt kongerike, der det er fred, glede og harmoni! I sin kjærleik har Jesus gjort alt klart for at vi skal få leve i det gode og trygge fellesskapet med Gud.  Så er det også han som skal ha takk, lovsong og ære.

Det er ei fin førebuing til 2. søndag i advent å be kollektbøna for dagen:
Herre Jesu Kristus, du som skal koma att med stor makt ogherlegdom, vi bed deg:
Vekk oss opp frå likesæle og falsk tryggleik og lær oss å vaka og be.
Hald oss fast ved ditt heilage ord, så vi i tillit til din nåde glade ventar på at du skal koma att,
du som med
Faderen og Den Heilage Ande lever og råder, ein sann Gud frå æve og til ævæ. Amen.

God helg !

Jan Ove Totland

Tilbake til arkivet

Hit Counter