|
Elska kvarandre
I Bibelteksten her handlar det om å elske
kvarandre. Og vi får ei sterk understreking av at kjærleiken ikkje berre
handlar om dei varme kjensler, men i større grad om konkrete handlingar.
Den handlar om å vera ekte, og om å halde
seg borte frå det vonde. Den handlar om å setja andre høgare enn seg
sjølv. Ja, her står det at det gjeld å tena Herren og å vera tolmodig
og trottig i bøna.
Så vil Gud at vårt liv og vår kjærleik
skal rattast mot og omslutte dei menneske som på ein særskild måte
treng støtte og hjelp. Dette er ei
viktig påminning der vi møter menneske som på ulik måte treng ei
hjelpande hand og ein stad å vera. Det gjeld både dei som har flykta
frå krig og forfyljing, - og som no bed om tryggleik og vern, og dei
mange andre i våre nærmiljø som treng nokon å stø seg til og å gå
saman med når livet vert tungt og vanskeleg.
Gud lar oss møte mange utfordringar i
kvardagen vår, - men samstundes vil og Gud gjennom desse utfordringar og
oppgåver gje oss del i ei ekte glede og velsigning. Det er rikeleg nok
for både den som deler ut og til den som tek imot.
Delt velsigning gjev dobbel velsigning.
God Helg
Arne Lindekleiv |