Oppdatert/endra
20.11.2006



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

13. juni  2004: 2. sundag etter pinse
Preiketekst: Luk 12, 13-21
Andaktsarkivet

Den rike bonden

Jesus fortel om ein rik bonde som hadde gjort det godt. Jorda hadde gjeve så stor avkastning at han trengde meir plass til avlinga si. Framtidsplanane var store. Han kunne etter eit liv med mykje strev unna seg ro; eta, drikka og vera glad. Då er det Gud seier til han: "I denne natt krev dei livet ditt av deg. Kven skal då ha det du har samla? Såleis går det med den som samlar seg skattar men ikkje er rik i Gud."

Denne forteljinga får oss til å tenkja på at livet vårt gjev oss berre ei begrensa tid til disposisjon. Det er så mykje me vil ha gjort, og så mykje me ynskjer oss. Tida, åra og dagane våre rekk ikkje til, så me må prioritera i høve til kva me vil satsa på.

Når me ser tilbake på livet vårt, oppdagar me at me har satsa for lite på dei "edle skattane". Me fekk for lite tid til dei næraste, familie, venner, dei som trengde tida vår. Me har for lett drege oss med i jaget etter verdiar som ikkje er av varig verdi. Gud har ein plan med livet vårt. Det rike livet ynskjer Gud å gje oss når me først søker han og let han få vera Herre i våre liv.

God helg!
Per Lomheim

 

Tilbake til arkivet

Hit Counter