Oppdatert/endra
20.11.2006



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

6. juni  2004: Treeiningssundag
Preiketekst: Jes 6,1-8
Andaktsarkivet

Møte med den levande Gud

Det er litt av ei oppleving Jesaja fortel om i dagens tekst. Mange har hatt eit møte med den levande Gud, men få slik som Jesaja. Det er eit sterkt møte for Jesaja. Han møter Gud som den treeinige heilage – den absolutt syndfrie – og som den opphøgde skapar av himmel og jord i all sin herlegdom.

For Jesaja førte dette møtet med Gud til fleire ting. Han får altså sjå Gud i hans velde, heilag og syndfri – noko som førte til at han fekk sjå seg sjølv, sin eigen ureinskap og si fortaping. Jesajas fortvila rop i v.5 er eit rop om nåde. Gud svarar ved å visa til alteret – og gjev tilgjeving på forsoningens grunn. Frå å rope "ve meg!" kunne han svara "Herre, her er eg, send meg".

Har du hatt eit møte med Gud? Har du fått sett deg sjølv i lys av den heilage Gud og hans kjærleik? Vi treng alle om att og om att å bli minna om Guds soning. Guds nåde og frelse til ein fortapt syndar. Har eit møte med Gud ført til noko nytt i ditt liv?

Jesus har et spørsmål, og det lyder så:
Hvem skal jeg sende, hvem vil gå?
Hvem vil bære budet om at Gud er kjærlighet, 
si meg vil du være med? 

Jesus, her er jeg, send meg. 
Jeg vil leve mitt liv i tjeneste for deg. 
Jesus, her er jeg, send meg!


God helg!
Kjellaug A. Holtermann

 

Tilbake til arkivet

Hit Counter