Oppdatert/endra
20.11.2006



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

30. mai 2004: Pinsedag
Preiketekst: Joh 14, 15-21
Andaktsarkivet

Sanningsanden kjem til oss

Pinsa står for døra. Høgtida som markerer kyrkja sin fødselsdag. Redde og rådville læresveinar får Den Heilage Ande, og forvandlinga skjer. Dei vert uredde, og kraftfulle forkynner dei evangeliet om Jesu oppstode. På Pinsedagen får folkeslag med ulike språk høyra evangeliet forkynt på sitt morsmål, tre tusen tek imot og blir med i kyrkjelyden. Kyrkja vert til. For kyrkja er Jesu vener som høyrer saman fordi vi trur på same Herre. Kyrkjebygga er berre hjelpemiddel for å utbre den glade bodskapen.

I teksten frå Johannesevangeliet førebur Jesus læresveinane på at dette kjem til å skje. Det er rett før påske, og Jesus fortel om at han skal døy, og stå opp igjen. Han blir ikkje saman med sine vener som før. Dei vert likevel ikkje overletne til seg sjølve. Den Heilage Ande, eller Sanningsanden, vert sendt som trøystar og hjelpar.

Jesus har gjeve oss det ypperste sett av levereglar, den finaste etikk som finnes. Ein bodskap om å ta vare på kvarandre og å fortelje om Guds kjærleik til oss menneske. "Elskar de meg, så held de boda mine." seier Jesus. Han som skapte oss veit også om vår utilstrekkelege evne til å gjennomføra dette. Det går ikkje utan hjelp. Difor er me gjevne Den Heilage Ande, som talsmann, hjelpar og trøystar. Han skal vera hos oss, og i oss, og rettleia oss gjennom livet. Me treng eit lydhørt øyra for å høyra kva Sanningsanden seier. Det er han som gjer at me kan sjå Jesus som den oppstandne frelsar.

God Pinse!
Per Ølfarnes

 

Tilbake til arkivet

Hit Counter