|
Kjærleiken frå Gud Det er så fint når eit barn trykker seg inn til foreldra og seier: Eg er så glad i deg mamma, eg er så glad i deg pappa. Slik speglar barnet tilbake den kjærleiken og omsorga det sjølv har motteke. Er det ikkje slik mellom oss og Gud også? Det var Gud som fyrst var ute med sin kjærleik til oss. Det var han som gav oss livet, skapte oss i sitt bilete til eit liv i fellesskap med han og kvarandre. Det var han som viste oss så stor kjærleik at han sende Jesus for å gje oss høve til å komme tilbake til dette gode og trygge fellesskapet med Gud, vår skapar. Slik er det Guds kjærleik til oss som er utgangspunktet. Men når vi får ta imot Guds kjærleik, då kan også vi elske Gud slik det står i v.19: Vi elskar av di han elska oss fyrst. Får Guds kjærleik setje sitt preg på oss, då kan det også det få gode fylgjer for vårt forhold til kvarandre. Får Guds kjærleik gjenspegle seg i kjærleik og omsorg oss imellom, ja, då vert Guds kjærleik synleg mellom oss. Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss (v.12). God Helg!
Tilbake til arkivet
| ||||