Oppdatert/endra
20.11.2006



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

2. mai 2004: 3. sundag etter påske
Preiketekst: Joh 14, 1-11
Andaktsarkivet

Vegen til huset åt Faderen

Mange stader er det konfirmasjon på sundag som kjem. Ei konfirmantbok heiter "Kven skal eg tru på?" Det er eit grunnleggjande spørsmål i livet. Konfirmasjonstida gir eit godt høve til å arbeida med dette spørsmålet. Vårt svar på spørsmålet har samanheng med meininga med livet.

Meininga med livet handlar utifrå teksta for sundagen om vegen til huset år Faderen i himmelen. Jesus tek avskjed med læresveinane sine før døden på krossen. Læresveinane kjenner på uro og spør seg: "Korleis skal det gå med oss når Jesus går bort frå oss?" I denne situasjonen talar Jesus til dei om at han dreg til huset åt far sin for å stella ein stad åt dei slik at dei sidan kan vera i lag der. Då seier Tomas: "Herre, vi veit ikkje kvar du går av, korleis kan vi då vita vegen?". Jesus seier: "Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg".

Med dei orda vil Jesus seia til konfirmantane og til alle andre: "Tru på meg! Eg er vegen til huset åt Faderen i himmelen". Vi veit det er viktig å følgja rett veg for å koma fram til målet. Målet Gud har sett for oss alle er "Huset med dei mange rom," Guds hus. Vegen Gud har gitt oss til sitt hus er Jesus, sin einborne Son, som døydde og stod opp for oss.

Ein konfirmant fekk spørsmålet: "Kva meinte Jesus då han sa": "Eg er vegen."? Konfirmanten svara: "Følg meg!".

God Helg!
Terje Nag

 

Tilbake til arkivet

Hit Counter