|
Liten nok... Komande søndag vert kalla Maria bodskapsdag. Dette kan minna oss om at det er 9 månadar att til jul. I preiketeksten møter me ei ung jente i jublande lovsong. Ho har opplevd at Gud har gripe inn i livet hennar. Nokre dagar i forvegen har Maria hatt besøk av engelen Gabriel, og det var ikkje småtteri han hadde å fortelja: "Du skal verta med barn og få ein son, og du skal gje han namnet Jesus". Maria må ha følt seg ganske så forvirra. Skal tru om ho ikkje kjende på ei blanding av sjokk og vantru, og samtidig er ho audmjuk og takknemleg for å bli vist ein slik tillit; Tenk at Gud kan bruka vesle meg, ei fattig ungjente! Slik er Gud. Slik har han alltid vore. Slik kjem han alltid til å vera; Det som er svakt i våre auge, det som vert rekna for ingenting, ofte er det nettopp det Gud gjer seg bruk av. "Men det som går for å vera uforstandig i verda, det som vert rekna for veikt i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera det sterke til skammar". (1. Kor 1,27) Guds rike er eit merkeleg rike, der ting ofte blir snudd opp – ned; Det som ser smått ut kan vera stort for Gud; Dei siste skal verta dei første. Voksne må bli som barn osv. Jesus kom m.a. for å læra oss noko om dette riket – eit rike som ikkje var av denne verda. Det var då heller ikkje nokon flokk av prektige og feilfrie menn Jesus hadde rundt seg. Ja, berre i ein person som Peter ser me to av ytterpunkta: I enkelte situasjonar er han sjølvsikker og frimodig: Om alle andre sviktar, så sviktar ikkje eg! Andre tider fekk Peter og sjå meir av kva som budde i han, og han måtte utbryte: Gå frå meg Herre! Eg er ein syndig mann! Slik møter me dei opp gjennom heile Bibelen; Personar som Gud brukte, men som i utgangspunktet ikkje tenkte så stort om seg sjølv. (Les t.d. om Moses i 2. Mos 4,10-12 og Jeremia i Jer 1,6-9) Inn i denne rekka av tenarar for Gud er det me finn Maria, idet ho seier i v38: "Eg er Herrens tenestkvinne. Lat det gå meg som du har sagt". Ho forstod ikkje alt. Ho følte seg liten. Korleis kunne ho passe inn i Guds store plan? Men ho var akkurat så liten at Gud kunne bruke ho!! Gud har og ein plan for ditt liv! Kva tankar gjer du deg om det? God Helg!
Tilbake til arkivet
| ||||