Oppdatert/endra
20.11.2006



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

29. februar: 1. sundag i faste
Preiketekst:
Matt 16, 21-23
Andaktsarkivet


Jesus på veg mot Jerusalem

Jesus visste kva han måtte gå gjennom. Han var kome for å sone vår skuld, så me skulle gå fri. Det står at han måtte dra til Jerusalem, der han skulle lida og døy. Guds grenselause kjærleik til oss menneske var grunnen. Jesaja 53,6.: "Vi fór alle vilt som sauer, vi vende oss kvar til sin veg. Men Herren lét råka han det vi alle var skuld i." Frelsa for oss måtte vera så enkel at ingen kunne ta feil. Joh. 6,37: "Alle dei som Faderen gjev meg, kjem til meg; og den som kjem til meg, skal eg så visst ikkje visa bort." Dei som let seg frelsa, får også trua.

Kor vanskeleg det var for læresveinane å forstå dette som Jesus snakka om at han måtte døy. Dei hadde vandra i lag med han så lenge og sett at han lækte sjukdom. Hen vekte opp døde, han skulle no lata livet. Dette var uforståeleg for dei. Og Peter tok Jesus til sides og ville irettesetja han. "Vik bak meg, Satan", var svaret frå Jesus. Peters tanke var nok velmeint, men Jesus måtte døy for at me skulle få fred. "For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von", står det i profeten Jeremia 29,11. Guds tankar for oss er alltid til det gode. Joh. 10,27: "Mine sauer høyrer mi røyst, eg kjenner dei, og dei fylgjer meg." Høyr mi røyst, seier Jesus.

Songaren seier det slik:
Som når et barn kommer hjem om kvelden
og møter en vennlig favn
slik var det for meg å komme til Gud
Jeg kjente at der hørte jeg hjemme
Det var en plass i Gud store rom
en plass som ventet har på meg
Og jeg kjente: Her er jeg hjemme!
Jeg vil være et barn i Guds hjem.

God Helg!
Olav Teigen

 

Tilbake til arkivet

Hit Counter