Oppdatert/endra
20.11.2006

22. februar: Sundag før faste (Fastelavnssundag)
Preiketekst: Joh 12, 24-33
Andaktsarkivet

Vegen til krossen

Jesus er noko over 30 år. Livet hans på jorda går mot slutten. I teksten for sundag før faste talar Jesus om sin død. Han seier: "No er sjela mi fylt av angst." Det er naturleg å kjenna angst for døden. Den angsten Jesus kjente innafor døden, var framfor alt angsten for åndeleg liding. Kor stort mørket var for han på krossen kan vi ikkje fatta.

Det ville vera naturleg for Jesus i sin ansgt å be: "Far, frels meg frå denne stunda" Men han seier: "Nei til denne stunda skulle eg gjerne koma." Kvifor desse orda? Svaret finn me i Jesu bøn: "Far herleggjer namnet ditt" Jesu død skjedde ikkje på slump. Gud Fader ville hans død. Jesu oppgåve på jord var vegen til krossen. Han – sann Gud og sant menneske – døydde i staden for oss på krossen. Han tok vår skuld og straff. Slik er kjærleiken.

Han gav sitt liv for alle for at alle kunne verta frelste ved trua på han. Det er dette vi må forstå orda om kveitekornet. Jesus seier "Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, er og vert det berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stort grøde."

Jesus hadde ei særleg oppgåve som berre han kunne gjera. Men han vil at våre liv som hans skal vera eit liv for andre. I vår indiviualistiske tid kor vi finn mykje sjølvdyrking, treng vi å høyra Jesu ord om kveitekornet.

God Helg!

 

Tilbake til arkivet

Hit Counter