|
Miskunn Guds ord er som såkornet ein såmann kasta ut over åkeren sin, sa Jesus ein gong. Samanlikninga har gjeve komande sundag namn. Guds ord er noko himmelvidt meir enn våre ord som skaper nokre lydbølgjer og blir borte etter kvart som dei går ut av munnen. For salmediktaren i Det gamle testamentet høyrer Guds ord saman med urkrafta, the big bang, som skapte lys i mørket og kalla fram galaksar, soler, og planetar, mellom dei vår jord med planter, dyr og menneske – deg og meg. Skaparverket rommar under på under. Salmediktaren nemner det eine etter det andre, og vi kunne ha nemnt endå fleire, i det endelause. Han nemner dessutan noko vi ofte ikkje legg merke til: At jorda er full av Guds miskunn. Jorda er ein stad der makta rår, der det heiter vinn eller forsvinn, protesterer vi. Ja, slik er her og i fullt monn, men ikkje berre slik. Ser vi etter, vil vi også sjå følgjene av Guds miskunn, dei er synlege mange stader og på mange måtar: At her er ressursar til mat og klede og alt det andre vi treng for å halda livet oppe. At her er menneske vi er glad i og som er glad i oss. At vi kan fryda oss over stjernene på himmelen og blomane på marka. At vi har tankar om rettferd og fred. Himmelske Far, takk for alt vi har fått av materielle
goder. God Helg!
Tilbake til arkivet
| ||||