Oppdatert/endra
20.11.2006



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

23. januar: 3. sundag etter Kristi Openberringsdag
Preiketekst:
Joh. 4, 27-42
Andaktsarkivet

Han skulle vel ikkje vera Messias?

"No trur vi ikkje lenger på grunn av det du sa, for vi har sjølv høyrt han, og vi veit han er den som skal frelse verda. Desse orda kom frå dei samaritanarane som hadde møtt Jesus og høyrt på han. Det var ei kvinne frå byen som hadde gjort dei kjende med Jesus. Ho hadde møtt ein underleg mann som bad om vatn og som viste omsorg for henne då ho henta vatn ved brønnen.

Det må ha skjedd noko radikalt med denne kvinna under samtalen med Jesus. Møtet med Jesus og orda om det levande vatnet som han kunne gje henne, fekk henne til å springa inn i byen og fortelja alle ho møtte kva ho hadde opplevd. Folk strøymde ut frå byen for å møta denne mannen. Dei ynskte å bli meir kjende med han, og fekk han til å stoppa opp nokre dagar hjå seg. Dei opplevde det same som kvinna: Han som dei hadde møtt var Messias. Dei fekk og del i tilbodet frå Jesus til kvinna: "Det vatnet eg vil gje deg, gjer at du aldri meir skal tørsta og vert til ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv"

Me manglar ikkje vatn eller mat, og dei fleste i landet vårt veit ikkje korleis det følest å vera skikkeleg tørst eller svolten. Ut frå teksten vår skjønar me at det er ein annan tørst og hunger Jesus vil konfrontera oss med. Den kjenner me stadig på, og er ikkje lett å kvitta seg med. Er tilbodet frå Jesus verdt å ta imot?

God Helg !
Per Lomheim

 

 

Tilbake til arkivet

Hit Counter