Oppdatert/endra
20.11.2006

18. januar: 2. sundag etter Kristi Openberringsdag
Preiketekst: Joh. 4, 5-26
Andaktsarkivet

Kjende du Guds gåve?

Søndagens tekst er henta frå Johannes kap. 4. Me møter Jesus i samtale med den samaritanske kvinna ved brønnen. Ho er komen ut for å henta vatn og Jesus spør om han kan få noko å drikke. Ho blir svært overraska over denne jøden som sit der og henvender seg til henne, ei samaritansk kvinne. "For jødane har ikkje noko samkvem med samaritanane." skriv Johannes.

Jesus seier til ho: "Kjende du Guds gåve, og visste du kven han er, han som bed deg om drikke, så bad du han, og han gav deg levande vatn." Med jula friskt i minne er det flott å høyra om Guds gåve. Me har feira Jesus sin bursdag - me har feira at Gud sende sin einborne son. Gud vart menneske og gav oss på den måten den største gåva han kunne gje; Han ordna opp i det brutte forholdet mellom Gud og menneske, og gjorde det mulig for oss å få del i det evige livet.

Så møter altså Jesus denne kvinna, og han møter deg og meg, med desse spørsmåla: Kjenner du Guds gåve? Veit du kven eg er? Kan eg få gi deg av det levande vatnet? Alt liv treng vatn, og her er det snakk om eit levande vatn som gir evig liv! Det var ein grunn til at Jesus gav avkall på all himmelens herlegdom og vart fødd i fattige kår i ein stall i Betlehem. Det var ein grunn til at han frivillig gjekk den tunge vegen opp til korset på Golgata; Han ville berge oss frå noko forferdeleg.

Guds nådegåve er evig liv i Kristus Jesus, vår Herre. Det er evangeliet, den glade bodskapen!

Kan det seiast klarare enn det Jesus gjorde då han sa desse orda til farisearen Nikodemus: "For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han." Joh 3,16-17

God Helg !
Jan-Ove Fagerheim

 

Tilbake til arkivet

Hit Counter