Oppdatert/endra
20.11.2006

11. januar: 1. sundag etter Kristi Openberringsdag
Preiketekst: Joh. 1, 29–34
Andaktsarkivet

Ein dag ved Jordan

Så ein dag hender noko heilt uventa. Jesus kjem og vil døypa seg. - Eg såg Anden dala ned som ei due frå himmelen. Då hugsa Johannes: - Den du ser Anden dalar ned over og vert verande over, han er det som døyper med den Heilage Ande. Og eg har sett det! Og dette er vitnemålet mitt: Han er Guds son.

Me ser Johannes for oss der han står i dåpsbassenget, strålar av glede og ropar ut: - Sjå, der er Guds lam som ber verdas synder! Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg til å døypa med vatn, han har opna augo mine.

Johannes sitt vitnemål har blitt til avgjerande betydning, stor trøyst og sæla for millionar av menneske i all ettertid. Han hadde fått sjå Jesus som frelsaren og utløysaren. Ved den Heilage Ande sin mektige inspirasjon måtte han gje vidare den store og underfulle opplevinga, og det har gledd oss leitande menneske like til no.

Det å møta Jesus som Frelsaren er det største som kan skje eit menneske. Det vil også skje i år 2004, rundt om i heile verda, der evangeliet vert forkynt.

God Helg !
Klara Netland Berge

 

Tilbake til arkivet

Hit Counter