Oppdatert/endra
20.11.2006

30. nov  2003: 1. sundag i advent
Preiketekst: Luk 4, 16-22a
Andaktsarkivet

Passar Jesus inn hos oss?

Fyrste sundag i advent vert kanskje meir enn nokon annan sundag sett i samanheng med spaning og lengt. I alle fall er det slik med borna og dei av oss som endå er litt som born. No er det ikkje lenge igjen før alle ljosa i adventstaken er tende. Når dei er tende, og dei i tillegg er raude, då er det jul. I teksten for denne dagen møter me og nokon som såg med spaning og lengt på framtida. Jødane hadde sitt religiøse liv med samling i synagogane, og dei venta på Messias. Jesus kom til synagogen i heimbyen sin Nasaret. I synagogen les Jesus frå Jes 61 om at han er send for å koma med fridom og gledebodskap. Jesus presenterer seg sjølv som oppfyllinga av denne profetien. Profetien om han som skal koma, profetien om jødane sin konge. Les vi litt vidare ser vi at det ikkje var slik dei venta å sjå jødekongen, og då ville dei ikkje ha noko med han å gjere. Det passa ikkje inn i den framtidsdraumen dei hadde. Det var ikkje plass for Jesus i denne draumen. Og difor vart då og Jesus etter kvart forfulgt og drepen, berre fordi han var Guds son.

Korleis er det med det vi ser fram til i spaning og lengt, jula? Vert det plass til Jesus der, eller vert det berre plass til julebakst, julegåver og anna? Han kjem med eit viktig bod til oss, eit bod om fridom og fred. Det må vi ikkje gløyme, sjølv ikkje no i julestrida.

God Helg !
Kapellan Torstein Aarthun

 

Tilbake til arkivet

Hit Counter