Oppdatert/endra
20.11.2006

31. aug 2003: 12. sundag etter pinse
Preiketekst: Lukas 18, 9-14
Andaktsarkivet

Gud står den stolte imot

Jesus fortel denne likninga til dei som trudde om seg sjølve at det var rettferdige, men vanvyrde alle andre.

Ein tollmann og ein farisear var i tempelet for å be. Tollmennene var ofte upopulære fordi dei krov skatt for okkupasjonsmakta, romerane, og av og til stakk dei litt av pengane i eiga lomme. Farisearane var blant eliten av folket.

Som me høyrer av teksten hadde fariseranane mykje å rosa seg av. "Eg takkar deg Gud fordi eg ikkje er som andre menneske; røvarar, urettferdige, horkarar, eller som denne tollmannen her. Eg fastar to gonger i veka, og gjev tiend av alt eg tener". Kva meir kunne ein venta av han?

Tollmannen derimot hadde ikkje mykje å rosa seg av. Han slo seg for bringa og sa: "Gud, ver meg syndar nådig".

Farisearen hadde verkeleg noko å rosa seg av. Feilen var at han trudde om seg sjølv at han var rettferdig for Gud. Han hadde ikkje bruk for Guds nåde.

Difor seier Jesus: "Tollmannen gjekk rettferdiggjort heim til sitt hus, men farisearen ikkje. For kvar den som set seg sjølv høgt skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt skal setjast høgt." Gud står den stolte imot, men den audmjuke gjev han nåde.

Gitle Presthus

 

Tilbake til arkivet

Hit Counter