|
Jesus
græt over Jerusalem
Komande sundag vert kalla Israelssundagen, og det handlar om
Guds utvalde folk. I teksten møter me ein sorgtyngd Jesus. I avsnittet like
før ser me at Jesus er på veg ned frå Oljeberget og inn i Jerusalem. Han rir
på ein eselfole, og folket hyllar han som konge: "Hosianna, Davids son!"
Plutseleg er det som om heile fylgjet stoppar opp. – Alle blir heilt stille.
All merksemd er retta mot han som sit på eselfolen. Jesus veit kva han er på
veg mot. Han kjenner den tunge vegen han må gå for å kjøpa oss menneske fri.
Han visste så altfor godt kva ho innebar den oppgåva han hadde fått av Far
sin.
No sit han der og ser utover byen – og han gret over
landsmennene sine medan han sukkar: "Hadde du berre visst kva som tener
til din fred! – Men enno er det skjult for deg!" Ja, jødane har
vanskar med å sjå den freden Jesus kom for å gi. Det er enno skjult for mange
av dei. Samtidig er det flott å høyra om eit stadig aukande antal Messianske
jødar i Israel. Ein Messiansk jøde er ein jøde som har teke imot Jesus som
den Messias som skulle koma. I eine leseteksten på sundag seier Paulus
om jødefolket: "Brør, mitt hjartans ynske og mi bøn til Gud for dei
er at dei må verta frelste. For det vitnemålet må eg gje dei at dei brenn for
Guds sak, men ikkje med skjøn. Dei kjenner ikkje Guds rettferd, men prøver å
byggja si eiga rettferd; difor har dei ikkje bøygt seg inn under rettferda frå
Gud." (Rom 10, 1-3) Dei ville ikkje bøye seg inn under den rettferda
som Jesus ville gi dei. Gjennom sine eigne gode gjerningar prøvde dei å byggja
si eiga rettferd.
Jesus er full av omsorg når han no ser utover Jerusalem. I
Lukas kapittel 13 møter me óg Jesus i sorg over Jerusalem: "Kor ofte
ville eg ikkje samla borna dine, som ei høne samlar kyllingane under vengene
sine. Men de ville ikkje." Det er vondt å kjenna seg avvist når ein
ynskjer å møta nokon med kjærleik.
Vél inne i byen går Jesus inn på tempelplassen og ser det
som utspelar seg der; Ei mengd med handelsmenn som kun er ute etter profitt idet
dei sel offerdyr til dei som er komne for å feira påske i Jerusalem. Iveren
etter pengar førte til at det ikkje alltid gjekk ærleg for seg. Det var ikkje
ei slik røvarhole Guds hus skulle vera! Jesus blir sint, veltar overende borda
til pengevekslarane og jagar ut dei som driv handel der. Sinne over urettferd er
noko godt – noko som viser engasjement.
Jesus var sorgtyngd og han var sint. Skal tru om ikkje Jesus
kjenner på litt av det same når han ser ut over oss menneske idag, og all den
uretten som utspelar seg, både i Israel og elles i verda. Han ser nok alt me
har å gleda oss over. Men samtidig kjenner Jesus til alt grumset som ligg på
lur hjå kvar einskild av oss; T.o.m. alt det me klarar å skjula for dei rundt
oss. Og eg trur han rett som det er har all grunn til å kjenna seg både
sorgtyngd – og sint. "Hadde de berre visst kva som tener til dykkar
fred!" Ja, hadde me berre visst... eller veit me det eigentleg –
innerst inne...? Kanskje me finn litt av svaret om me slår opp og les i
Johannes 14,27 og 16,33.
Jan-Ove Fagerheim
|