Sjølv i ein periode med streng kulde og snø er det
nokre som er i full gang med å så. Kyndige kvinnehender plantar alle slags
frø i oppskorne mjølkekartongar, heile skuleklassar og barnehagegrupper er i
ferd med å gjera det same.
Dei set dei nysådde frøa på lune plassar: Nokre skal stå mørkt enno ei god
stund, andre skal ha i rikt monn av det sparsame januarlyset. Det blir sådd
i påvente av tider som kjem, det går raskt mot vårjamdøger og frøa vil visa
si veldige sprengkraft i jorda.
Dei små likningane om såkornet og sennepsfrøet er mellom dei mest kostelege
perlene vi har fått overlevert av Jesusord. Enkle, men paradoksale,
lettfattelege for alle og einkvar, men uendeleg vanskelege å fatta
rekkevidda av.
For det er sprengkraft i såkornet og i sennepsfrøet. Kva skal vi samanlikna
Guds rike med? er spørsmålet Jesus stiller. Det er ikkje det mektige
romerske imperiet som er målestokken, heller ikkje det britiske imperiet,
eller Nato, med Vesten på oppdrag i Afghanistan.
Nei, det er frøet, såkornet, kanskje på avvegar mellom ruinar, kanskje sådd
på ubetydeleg vis, ein eller annan stad.
Kanskje ligg alt såkornet og spirer mellom ruinane i Port-au-Prince.