Det har betra seg monaleg i helsestellet sidan den gongen folk låg i helsekø
ved Betestadammen.
I dag ringer me 113 når nauda bankar på, og ikkje lenge etter tek den aller
beste ekspertisen over med all sin faglege kunnskap.
I dagens tekst handlar det om ein svært sjuk mann. I heile 38 år hadde han
vore skral. Det var livsførselen hans som hadde teke knekken på helsa, står
der. Kor lenge han hadde lege ved dammen, står det ingenting om.
Alltid mislukkast han med å koma seg uti, for kvar gong vatnet bobla.
Køordning var ikkje i bruk, her galdt den sterkaste sin rett. Etter kvart
minka trua, og sløvheta overtok.
Men så ein dag kom Jesus innom: «Vil du verta frisk?»
Jesus måtte vekkja mannen med dette spørsmålet.
Han visste at her trongst læking for både kroppen og for sjela. Det er vondt
når likesæla og vantru får slå rot,
og me trur at dette med frelse for kropp og sjel er nyttelaust. Men
gudsordet lovar at det nyttar for det mennesket som ynskjer av heile seg å
verta frelst.
Mannen ved Betestadammen vert vekt opp. Han tok Jesus sine ord på alvor,
reiste seg, og kjende korleis kvar ein muskel i kroppen tok til å fungera.
For denne mannen vart det både helsa og frelsa. Me kan tenkja oss jubelen.
Ein ny song vart lagt i munnen, ein lovsong til Gud som vekte oppsikt der
han for fram.
– Mi sjel lov Herren, og gløym ikkje alle hans velgjerningar.
Han som tilgjev all vår skuld og lækjer alle våre sjukdommar.
Det kan lesast meir om korleis det gjekk vidare i
Joh 5,1–15.