Oppdatert/endra
28.08.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

2. september: 14. søndag etter pinse
Preiketekst:
Luk 10, 25-37
 
Andaktsarkivet
Melkekartongar og evig liv...

”Alle melkekartonger drømmer om et liv etter døden!” stod det ein periode på Tine sine melkekartongar. Slagordet var eit ledd i ein reklame for Returkartong. Målet var å få fleire til å levere kartongar i retur, slik at dei kunne resirkulerast og verta til nye produkt.

Går du rundt med eit ynskje om å bli ”resirkulert”? Har du ein draum om eit liv etter døden? Me kan ha så mange ulike tankar om kva dette innebér. I dagens tekst møter me ein mann som ville sette Jesus på prøve: ”Meister, kva skal eg gjera så eg kan få evig liv?” Han visste kva svar Moselova gav på dette: ”Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv.” Nå var mannen spent på om Jesus kom til å seia noko anna enn det som stod i Skrifta. Men Jesus sa: ”Du svara rett. Gjer det, så skal du leva.”

Deretter fortalde Jesus likninga om den miskunnsame samaritanen. Presten og levitten såg berre på den forkomne mannen, og så gjekk dei vidare. Til slutt kom ein samaritan gåande. Han tok seg av mannen, og stelte med han. Jesus avslutta forteljinga med spørsmålet: ”Kven av desse tre tykkjer du bar seg åt som ein neste mot han som fall i hendene på røvarane?” Svaret gav seg sjølv: ”Den som synte miskunn mot han.”

Moselova hadde ei oppskrift, ein veg å gå, for å oppnå evig liv; ”Du skal elska Herren din Gud...osv.” Farisearane og dei skriftlærde på Jesu tid var svært opptekne med alle desse bud og reglar som me finn i det gamle testamentet i Bibelen vår. Dei prøvde å gjera seg rettferdige for Gud ved gode gjerningar. Men kva er det du og eg opplever? Jo, me oppdagar at me kjem til kort, gong på gong. Me klarar ikkje å gjera oss rettferdige sjølv! Jesus tala fleire gonger om at det ikkje var ved gjerningar ein kunne gjera seg fortjent til eit evig liv. ”Tru på meg - så skal de leva!” var Jesus sitt budskap.

Men så fortel Bibelen vidare at trua ikkje berre må vera ein død teori. Trua på Jesus skulle få oss til å tenke stort om dei me har rundt oss. Me skal få lyfte kvarandre opp.

Til slutt ein liten tanke til deg som kanskje ikkje er så glad i deg sjølv: Skal du kunna elska nesten din, så må du og vera i stand til å elska deg sjølv.


God Helg
Jan-Ove Fagerheim

Tilbake til arkivet

Hit Counter