Vi som har levd ei stund, har meir eller mindre erfart at livet ikkje er ein
dans på roser. I dette bibelavsnittet får vi stadfesta det. Men her er det
kristenlivet som er i fokus! Bodskapen her blir på eit vis ein kontrast til
predikanten, som i all sin iver har formidla: ” Kom til Jesus , så blir
livet godt å leva!” Dersom ordet ” godt ” = ” lett”, vert dette i beste fall
berre ei halv sanning!
Bibelen lovar oss i alle fall ikkje noko lett liv her på jorda. Å verta
forfylgd og hata, vert her lagt fram som ein del av kristenlivet! Dette
fordi vi lever i ei verd som ikkje kjenner Jesus, seier Johannes!
Kvardagen kan nok opplevast ulikt for kvar einskild, også som kristne, men
mange har nok kjent på kroppen det å vere eit framandelement i eit sosialt
fellesskap. Vi prøvde kanskje å vere frimodige, og fortelje om trua vår, men
opplevde å verta misforstått! Og vi tenkte: ” Det skal jammen verta lenge
til eg skal sei noko!”
Men kva seier Johannes her? Jau: ”De skal og vitna, for de har vore med meg
frå det første!” Vi skal vitna om det vi har sett og høyrt i lag med Jesus!
Kristenliv er ikkje ei privatsak! Og skal dei vi omgås ha ein sjanse til
forstå vitnemålet vårt, må det vera tydeleg!
Det handlar om å kjenne Jesus! Då fyrst kan vi kome med eit tydeleg vitnemål
til dei som ikkje har sett at dei har bruk for å verta kjent med han!