Då vart dei fælande redde !
Det er verkeleg action ute på Betlehemsmarka denne natta! Gjetarane blir
vitne til ting dei aldri i sitt gjætarliv har sett før - ein hærskare av
syngjande englar omgitt av lys! Eg tenkjer at det måtte ha vore ei
fantastisk fin oppleving midt i den kalde, svarte desembernatta! Men nei,
redsel er reaksjonen! Underleg!
Det er fødd ein Frelsar - han er Kristus Herren. De skal finne eit lite barn
som er sveipt og ligg i ei krybbe!
”Vesle vetet strekk ikkje til, ei tru må stydja oppunder”, sa Ivar
Aasen ein gong. Kanskje tenkte gjetarane det lenge før han fekk sagt det!
Også dette var underleg!
Men englane var ikkje ferdige med songen sin. Før dei forlet gjetarane runga
det uti nattemørkret:
”Ære være Gud i det høgste, og fred på jorda, og hugnad mellom menneska!”
Ikkje veit eg om gjetarane tok seg tid til å tenkje over dette før dei la i
veg mot Betlehem. Men eg har tenkt litt!
Kva jord var det Jesus kom til? Ikkje ei jord med fred og ikkje ei jord som
gir Gud ære. Han vart ikkje motteken som ein Frelsar. Likevel vil eg sei det
slik: Gud er ikkje avhengig av om vi tek imot Han, om vi gir Han ære,
om vi klarer å leve i fred – eller ei! Vi kan ikkje rokke ved den evige
sanninga at Jesus kom som vår Frelsar
inn i vår ufullkomne kvardag. Han som sjølv er Freden, skal ha æra i all
æve!
”Den songen som atter tonar med jubel kvar julenatt.
Om Jesus , Guds son , Vår sonar, som døden for evig batt!”
Med ynskje om ei signa julehelg med plass til Jesus!