|
Ordet vart menneske
Gullkorn frå sandkassa:
To
smågutar hadde skaffa seg ei trillebår full av plankar og var i gong med å
byggja seg eit stort tårn.
Grunnflata var lita, men etasjane vaks fort.
- Sjå! dette blir så stort at det snart når opp til himmelen, seier
den eine.
- Så
flott! Då kan me koma opp til Gud, seier den andre.
Arbeidet held fram. Huset blir høgare og høgare. Men det minkar på plankar
og byggverket ber preg av manglande røynsle innan byggfaget. Huset er skeivt
og skakt. Før eller seinare vil det tippa overende.
Helst før, ser det ut til…
Men det
er to kloke gutar som byggjer hus. Sjølverkjenninga veks med huset.
-
Du, seier den eine og stopper opp. Ser på
byggverket og klør seg i hovudet. Det ser ikkje ut til at vi
klarer å byggja så stort at me når opp til himmelen. Det er visst betre at
Gud kjem her ned til oss.
Det
stod ikkje på innsatsen. Ikkje på viljen heller. Men oppgåva blei for stor.
Det hadde Gud også erkjent, ei æve før gutane: Derfor : ..Ordet vart
menneske og tok bustad mellom oss….
Marit Elisebet Totland
|