|
Søk Herren din Gud
Ein av dei 3 tekstane som vert lese i
kyrkja på sundag er henta frå 5. Mosebok kap 4, der Moses snakkar til
Israelsfolket rett før dei skal gå over Jordanelva og inn i Israel etter
å ha vandra lenge gjennom ørkenen. Moses snakkar om kva som vil møte
dei, og han minner folket om at Gud har lova å vera med dei.
Han seier frå vers 27: "Herren
skal spreie dykk mellom folka. Berre nokre få av dykk skal vera att
mellom dei folkeslaga han fører dykk bort til. Der må de dyrka gudar som
menneskehender har laga, stokk og stein som korkje kan sjå eller høyra,
eta eller lukta. Og dersom du søkjer Herren din Gud der, skal du finne
han når du søkjer han av heile ditt hjarta og av heile din hug. Når du
er i trengsle, og alt dette kjem over deg, langt fram i tida, skal du
venda om til Herren din Gud og lyda orda hans. For Herren din Gud er ein
miskunnsam Gud. Han slepper deg ikkje og let deg ikkje gå til
grunne."
Vi som trur er spreidd mellom folk, vi er
ikkje mange, og vi er alle prega av å leve i ei verd der Guds ord og bud
ikkje lenger er lett å få auge på, men der det er eit jag etter å ha
det godt, ha mange ting, vera vellukka. Mange av dei ting vi har og ting
vi gjer vert lett like viktig for oss som Gud skulle vera, dei vert som
gudar laga av menneskehender.
Gud vil ikkje at vi skal ha det slik, og
Moses si oppmoding til folket om å søkja Gud, er ei oppmoding til oss i
dag og. Vend om og lyd orda hans, sa Moses. Søk
fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt,
sa Jesus. Han slepper deg ikkje, minna Moses
om.
Jesus sa og at han ikkje vil ta oss ut or
verda, men at han vil vara oss frå det vonde. Det same er det Moses vil
seia noko om. Det står ikkje i Bibelen at livet skal vera ein dans på
roser. Det vil vera trengsler, tunge og vanskelege tider. Men Gud har lova
oss hjelp og styrke til å leva livet slik det er. |