Oppdatert/endra
20.11.2006



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

4. juli  2004: 5. sundag etter pinse
Preiketekst: Joh 8, 2-11
Andaktsarkivet

"Gå bort og synda ikkje meir"

Det var nok mange som gledde seg til å møta Jesus. Det trur eg ikkje denne kvinna gjorde då dei kom med henne til Jesus. Dei hadde gripe henne "medan ho gjorde ekteskapsbrot" som det står i Bibelen. I fylgje skrifta (5.Mos. 22) skulle eit slikt brot straffast med dødsstraff. Sannsynlegvis var dette ein fin situasjon for dei skriftlærde å setja Jesus på prøve med. Dei strenge lovene på dette området vart visstnok ikkje alltid handsama slik det stod i skrifta. Ved å setja Jesus på denne prøven ville han anten koma i konflikt med loven frå Det gamle testamentet eller med dei gjeldande kjenslene hos folket.

Det er då frigjerande når Jesus ber den som er utan synd om å kasta den fyrste steinen. Frigjerande for henne som var teken for brotet og som sikkert ikkje gledde seg til å møta Jesus. Men slett ikkje frigjerande for dei som kom med henne.

Heldigvis er det ikkje menneska si oppgåve å døma på den siste dagen, og heldigvis er domaren raus. Kristus har sona for oss. Vi har alle brote Gud sine bod. Dei som bryt ekteskapsbodet er slett ikkje i nokon særklasse. Vi kan koma til han med all vår synd gong på gong. Men kvar gong er beskjeden og utfordringen for oss den same: "Gå bort og synda ikkje meir."

God helg!
Torstein Aarthun

 

Tilbake til arkivet

Hit Counter