|
Livsens brød Midtfaste blir og denne søndagen kalla. Namnet var meint som ei oppmuntring til våre katolske forfedre om at dei no var midt i den ikkje alltid like populære fastetida. Av same grunn omtalar dagens tekst eitt eller anna med mat. I preiketeksten høyrer vi om eit svært spesielt slag: "livsens brød". Det er faktisk Jesus sjølv. Som kroppen vår lever t.d. av brød lever trua vår av det Jesus har sagt og gjort. Framom alt finn vi det i påskedramaet som vi snart skal oppleva og feira endå ein gong. Her finn vi og innstiftinga av nattverdmåltidet med sitt handgripelege brød. Det synleggjer at trua ikkje svever i ein luftig, andeleg dimensjon, men skal vera med i det livet vi lever med heile kroppen. Jesus er "livsens brød" såleis at han gjev "evig liv", høyrer vi vidare. Vi tenkjer straks på gullgater og perleportar på den andre sida av død og grav. Men det Jesus talar om er ikkje berre framtidig. Det ser vi når vi les lenger utetter i evangeliet. Der får vi vita at "evig liv" er at vi her og no kjenner Jesus og hans og vår himmelske Far. Når dette kjennskapet får prega livet vårt, tek framtida til. Herre Jesus Kristus, takk for det du har
sagt og gjort for oss. God Helg!
Tilbake til arkivet
| ||||